Arve Opsahl

Arve Opsahl

Fødd14. mai 1921
FødestadChristiania
Død29. april 2007 (85 år)
DødsstadOslo
Verka somsongar, komikar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleLiv Wilse
PrisarLeif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Amandakomiteens ærespris

Arve Opsahl (14. mai 192129. april 2007) var ein norsk skodespelar, songar og komikar som er mest kjend frå rolla som «Egon Olsen» i filmane om Olsenbanden, og sidan 1990-talet frå rolla som Henry i komiserien Mot i brøstet.

Opsahl vart fødd i Oslo som son av smeden Aksel W. Opsahl (1886-1963) og hustrua hans Alvilde (1889-1958). Han debuterte og som skodespelar i 1942, med Scalia revyteater, seinare på Edderkoppen og Chat Noir i ei årrekkje til han i 1967 vart tilsett ved Oslo Nye Teater. Frå 1980 var han frilans med mellom anna oppgåver for Dag Frøland på Chat Noir. Han vart raskt ein av dei leiande kunstnarane i norsk revy.

Han var stjerna i Helsingborgsteatern sin riksturné i 1951, og han har gjestespela fleire gonger i Sverige. I Sverige har han kanskje vorte mest kjend for ein fjernsynssketsj han spela i 1963 der han som norsk sjømann vart fortalt av den overordna: «Pikene i Lisboa har ikke mer enn pikene i Oslo». Til det svara sjømannen: «Nei, men det de har, det har de her i Lisboa».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne